Vormedal Forlag Bøker Vormedal Forlag Om oss Vormedal Forlag Linker Bestille bøker i Vormedal Shop Kontaktinfo Vormedal Forlag Legg Vormedal Forlag til dine favoritter Vormedal Forlag Send en mail til Vormedal Forlag på: vormedal@vormedalforlag.no Kontaktinfo Vormedal Forlag

Dikt i skumringstimen

Utgitt: 2009. ISBN: 978-82-92879-16-0

Ei gnistrande fin bok med vakre naturskildringar i både ord og bilete.

Arne Skogerbø (f. 1939 i Årdal i Ryfylke) har bokstavleg talt blikk for både biletkunst og dikt. Han er utdanna blikkenslagar og dreiv eigen verkstad i Sauda i 35 år. Mens han levde av å væra blikkenslagar, levde han for kunsten. Allereie i ung alder byrja han å male bilete. Han er sjølvlært, men har gjennom mange år tatt kurs i grafikk, oljemaling og akvarell. Sidan slutten på 1960-talet har Skogerbø delteke på ein rekke kollektivutstillingar. Han har også hatt separatutstillingar i Haugesund, Stavanger, Sauda og andre stadar i Ryfylke.

Frå 1993 har Skogerbø vore biletkunstnar på heiltid. På midten av 1980-talet fann Skogerbø også fram si lyriske åre og byrja å skrive dikt. I løpet av dei siste 25 åra har han produsert fleire hundre dikt.

Naturskildringar er gjennomgangstema i både dikta og bileta til Skogerbø. I en alder av 64 år debutertehan som forfattar med diktboka ”Med penn og palett”. Boka, som kom ut i 2003, fekk god omtale og blei kjøpt inn av Norsk Kulturråd. Nå er Skogerbø ute med si andre bok som har fått tittelen ”Dikt i skumringstimen”. Som multikunstnar har Skogerbø illustrert dei fleste av dikta med eigne bilete. Resultatet er ei gnistrande fin bok med vakre naturskildringar i både ord og bilete.

Tilbake »»